Jomfruva Ingebjr Testo

Testo Jomfruva Ingebjr

Eg veit meg ein ædeli skog`e
sunna og vesta fyr fjord:
der vekse så mange dei ædeli tre,
dei venast på jordi som gror.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
Det var stride stjukmori,
ho framfyr sengji sto:
Skapt`a i ei villande hind
som spring`e på øydeskog.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
Det var han rike Herre-Per,
vakna og om seg såg:
borte var fruva Ingebjør,
som på hass armen låg.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva ?
'Høyre du, unge Herre-Per,
kvi høgg`e du ned min skog?
Du fær kje den ville ørni,
fyrr ho fær manneblod.'
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
Han skar stykkje utor sin barm,
kasta det hågt`pi kviste;
ørni skreik, så hågt ho gol,
ho ville Herre-Per giste.
- Korleis ska sveinen finne jomfruva?
'Gud signe deg, dandis Herre-Per,
fyr alle god-rå`ine dine!
Stjukmor mi sit i Trollebotn,
der græt ho syndine sine.'
- No heve sveinen funni jomfruva.
Artisti per lettera
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9
Privacy Policy
Privacy & Cookie Policy